Lene Lauve (t.h)håpar å få ein kamp eller eit innhopp slik at ho får seriegull som LSK truleg sikrar. I går var ho og resten av laget i skyene då dei slo ut Brøndby i meisterligaens 16-delsfinale. Her saman med Ingrid Byrøygard.
Lene Lauve (t.h)håpar å få ein kamp eller eit innhopp slik at ho får seriegull som LSK truleg sikrar. I går var ho og resten av laget i skyene då dei slo ut Brøndby i meisterligaens 16-delsfinale. Her saman med Ingrid Byrøygard.

– Det var litt av ein kveld

Lene Lauve frå Kviteseid sat på benken då LSK slo ut Brøndby i meisterligaen. Nå kan dei møte storlag som Barcelona og Lyon i åttedelsfinalen.

Ein kviteseiding på benken i meisterligaen er langt frå kvardagskost. I går kveld skjedde det for aller fyrste gong på Brøndby stadion i København.

– Det var ein etterlengta siger og veldig stort å slå ut Brøndby. Det blei litt av ein kveld, seier Lauve på veg til flyplassen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Scora frå midtbanen

LSK og Brøndby spelte 0-0 i det fyrste møtet på Lillestrøm. Då Marte Berget sette inn leiarmålet tok dei norske serieleiarane over kampen.

– Då losna det veldig og me spelte bra. Det blei litt stress då dei scora, men me drog det heldigvis i land.

Lene Lauve sat på benken for LSK i går, og er reserve for landslagskeeper Cecilie Fiskerstrand. Lauve har spelt to seriekampar i år.
Lene Lauve sat på benken for LSK i går, og er reserve for landslagskeeper Cecilie Fiskerstrand. Lauve har spelt to seriekampar i år.

Danskane reduserte til 1-2 i det 61. minutt, men eit stjernetreff av landslagsspelar Emilie Haavi frå midtbanen sikra avansementet fem minutt etter.

Nå er LSK i potten når kampane i åttedelsfinalane skal trekkjast måndag. Der er LSK ikkje seeda, difor kan det bli møte med storlaga Lyon, Barcelona, Bayern München og Manchester City.

– Det kan nok bli veldig tøft, sjølv om me sjølvsagt må ha trua. Me håpar nok heller på å møte Sparta Praha eller Slavia. Så kan me heller ta storlaga seinare, ler Lauve.

Kan få seriegull

Ho er reservekeeper bak den sterke landslagskeeperen Cecilie Fiskerstrand, likevel har ho stått i mål i to kampar for laget som har vunne Toppserien tre år på rad.

Artikkelen held fram under annonsen.

LSK leiar serien med åtte poeng ned til Avaldsnes, og kan sikre gullet alt på laurdag med siger mot Kolbotn. Lauve treng berre eitt innhopp til for å få gullmedalje om halsen.  

– Det håpar eg sjølvsagt å få, eg må berre vere tolmodig. Eg trenar og står på, men det er ein tøff kvardag. Eg har jo ein landslagskeeper som eg trenar med og som er vanskeleg å konkurrere ut, seier Lauve.

Ho set uansett stor pris på opplevingane ho får som ein del av Noregs beste lag. For berre eit par år sidan kunne 28-åringen aldri sett for seg at ho skulle sitje på benken i ein avgjerande meisterligakamp.

– Det er framleis litt surrealistisk. Eg har jo vent meg til å vere i LSK, men det kjennes som ein draum. Meisterligaen er jau noko heilt anna enn å spele i Toppserien. Å kome inn på Brøndby stadion og høyre meisterligaintroen. Det er noko eg kan krysse av på «bucket-lista» mi.