Sissel Granum (t.v.), Signe Bråstøyl, Sonja Sandvik, Åse Bratland, Inger Johanne Tveito med barnebarna Marie og Johanne, Kari Rustberggard og Kjersti Nordheim har vore med på bunadskurset på Haugsæl. Dei øvrige åtte kursdeltakarane var ikkje på plass då biletet blei teke.
Sissel Granum (t.v.), Signe Bråstøyl, Sonja Sandvik, Åse Bratland, Inger Johanne Tveito med barnebarna Marie og Johanne, Kari Rustberggard og Kjersti Nordheim har vore med på bunadskurset på Haugsæl. Dei øvrige åtte kursdeltakarane var ikkje på plass då biletet blei teke.

– Det er tidkrevjande å sy bunad

Det har vore bunadskurs på Haugsæl i Bøgrend. Laurdag var nokre av dei ferdige bunadane utstilt i det tidlegare herberget.

– Kurset starta hausten 2016, og me byrja med brodering. Alle måtte ha påteikna broderingane før dei kom hit. Me bruka vinteren 2016 og 2017 til å gjere ferdig broderinga som er ein tidkrevjande jobb. I alle fall viss ein ikkje har vore innom det før, seier kurshaldar Åse Bratland.

Hundretals timar

Ein av deltakarane hadde notert seg tidsbruken då ho broderte, og då alt var klart hadde ho bruka 250 timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er tidkrevjande og kanskje ikkje så rart at ein bunad kostar litt. Men når det er sagt så er det etter mitt syn feil å kraune over prisen. Dei aller fleste kjøper seg bunad ein gong i livet. Sportsklede derimot, kan me kjøpe både titt og ofte, og kva kostar ikkje siste skrik av ei god jakke, spør Bratland.

På utstilling

Hausten 2017 starta deltakarane med monteringa av bunadane, og sist laurdag var dei fleste ferdige med dei eigensydde staskleda. 

– Nokon har henta bunadane sine tidlegare i dag, medan andre ikkje er heilt ferdige med monteringa. No er det fire bunadar, alle Vest-Telemarkbunadar, som er utstilt, og dei er litt ulike. Det er alt etter kva tidsepoke ein ynskjer å ha bunad frå, forklarer ho.

Broderte roser.
Broderte roser.
Det er nokså vanleg med bunadsveske til Vest-Telemarkbunaden.
Det er nokså vanleg med bunadsveske til Vest-Telemarkbunaden.

Ymse tidsepokar

Ein av bunadane har knepping framme, medan dei tre andre har snøring i bringa. To av desse er i det ein kan kalle tradisjonelle fargar, medan den tredje er i blåfarge.

– Fargane er sjølvvalde, og når me ser på bunaden med knepping i bringa, så er nok det ein modell frå tidleg 1920-talet. Dei nokså feite rosene i raudsaum var typiske for denne tidsepoken. Den blå er nok kopi av ein seinare modell, og eg vil seie at me snakkar om rundt 1940–1950-talet. Dei to andre skriv seg truleg frå slutten av 1920-talet, seier Bratland.

Ho fortel at det på 1930-talet og framover var nokså vanleg med liv og forklede i forskjellige fargar. 

– Gullband var også vanleg på 1930-talet, seier ho.

Treng ikkje alt med ein gong

– For å kome litt attende til bunaden og kva han kostar, så skal det vere sylv til også. Det er også kostbart?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, men eg tenkjer det er heilt unødvendig å kjøpe alt sylvet med ein gong. Det er slikt ein kan kjøpe litt og litt av. Det heiter seg at ein konfirmant ikkje skal vere sylva som ei brur. Elles er det nokså vanleg i Vest-Telemark at i alle fall jentene får bunad til konfirmasjonen. Det er nok ein lang tradisjon for det, fortel kurshaldaren.

– Er det rett å seie at bunaden har blitt eit moteplagg i større grad no enn før?

– Det kan du godt seie, for mange av dei som kjøper bunad no er nokså opptekne av at fargane skal matche i større grad enn før. Eg tenkjer at litt kontrastar kan vere fint. Dersom nokon arvar ein gamal bunad er det ei god investering å stelle opp og tilpasse den til den nye eigaren, avsluttar Åse Bratland.