Eric Mills frå Etne la turen til Rauland, og gav alt på treningane då Terese Johaug delte tips og erfaring frå skisporet.
Eric Mills frå Etne la turen til Rauland, og gav alt på treningane då Terese Johaug delte tips og erfaring frå skisporet.

– Det er perfekte langrennsløyper her

20 heldige langrennsløyparar har skøyta, staka og finpussa all teknikk i raulandsspora saman med mellom andre Terese Johaug denne helga.

– Ahhh, eg har gangsperre i dag, seier Eric Mills til ei lattermild Terese Johaug då deltakarane på skisamlinga i Rauland møtest til ny dag og nye øvingar i gneistrande kulde på Vierli.

Deltakarane er spreidd i alder og frå fleire kantar av landet. Mills har tatt turen frå Etne. Familien hadde eigentleg andre planar denne helga, fortel han, men å få gå på ski, trene og lære av sjølvaste Terese Johaug kunne han ikkje la gå frå seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Å høyre frå ein verdsmester at du er flink, ja då gir ein på litt ekstra på, smiler Mills nøgd.

Han fortel at Johaug både har rosa og kome med gode råd og rettleiing til deltakarane ute i sporet.

 – Ho er heilt fantastisk. Så positiv, flink til å lære bort og veldig nedpå som person. Eg trenar mykje til vanleg, men kjenner at eg har lært ny langrennsteknikk og bruka mange andre musklar denne helga, seier Mills.

20 deltakarar har vore med på teknikksamlinga der Pål Gunnar Mikkelsplass, Karstein Johaug og Terese Johaug har delt erfaringar og tips på Rauland i helga.

Fint i kulda

Klokka er straks halv ti. Gradestokken på Vierli viser tett på 20 minus. Sola har nådd dei kritkvite fjelltoppane og trekkjer seg stadig nærare langrennsspora nedanfor Vierli turistsenter.

– Det er ikkje for kaldt for ei treningsøkt?

– Neida, dette er kjempefint, strålar Johaug som akkurat har kome frå ein morgontur på langrenn i nypreparerte spor.

Ho fortel om ei triveleg helg i Rauland.

– Det er så fint her. Rauland har alt, eit fint område, perfekte nypreparerte skiløyper og fint vêr, rosar Johaug som fredag starta skisamlinga innomhus på Vierli.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fyrste post var eit foredrag om teknikk før deltakarane fekk sjå ein film om langrennsteknikk. Laurdag vart deltakarane delte i grupper for å terpe ulik teknikktrening saman med Johaug, trenaren hennar Pål Gunnar Mikkelsplass og bror Karstein Johaug.

Her kan de sjå Visit Rauland sitt intervju med Terese Johaug

Fint å bruke tida på

Johaug har besøkt Rauland fleire gonger tidlegare, men i helga hadde sitt fyrste besøk for sesongen.

Johaugs manager sidan 2010, John Ernst, har hatt tilknyting til Rauland i mange år sidan familien har hytte i Vierli-området.

Ernst fortel at dei har hatt liknande skiteknikk-opplegg mellom anna på Hafjell tidlegare denne sesongen, og at det er fint å bruke tida på anna sidan Johaug no ikkje kan konkurrere fordi ho er dømd for brot på dopingreglementet.

– Har de planar om fleire skisamlingar på Rauland?

– Ikkje noko konkret, men me jobbar med andre prosjekt også, seier Ernst.

Nøgd med konseptet

Vierli- og Rauland skisenter-eigar, Kristin Larsen, er også nøgd med skisamlinga som er eit samarbeid mellom Johaug og Rauland skisenter.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er fyrste gongen me prøvar dette konseptet med, men det har blitt tatt godt imot. Det er moro å få vist fram området vårt til johaug og hennar team også, seier Larsen.

Ho har ikkje bestemte planar om liknande arrangement, men trur på konseptet.

– Det kan kanskje vere fleire utøvarar som er aktuelle for eit liknande arrangement i tida som kjem. Og det er sjølvsagt stas for mange å få helse på førebilete dei har når dei kjem hit på besøk, seier Larsen.