Myrke skyer over Ekebergsletta i oppgjeret mellom Åmdal Tokke og Kolbotn.
Myrke skyer over Ekebergsletta i oppgjeret mellom Åmdal Tokke og Kolbotn.

«Det er morosamt, men grueleg mykje folk då»

Slik beskriv Fyresdal J14s Thea Veum opplevinga av å vere på Norway Cup.

Med over 20 gonger så mange spelarar på sletta som det bur folk i heimkommunen, er det ikkje så rart Norway Cup blir skildra slik av Veum. VTB møter J14-laget til Fyresdal like etter gruppespelskampen mot Grüner er ferdigspela. Der blei det til slutt eit 2-4-tap for vesttelane, men dei heng ikkje med hovudet av den grunn.

– Me har spela laser tag, vore i trampoline-park og kvar gong me er på t-banen så har me sunge. Det har vore høgdepunkta, fortel Mathilde Slyngstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og i kveld skal me sminke gutane, det er ikkje sikkert at dei vil, men me tvingar dei i så fall, ler Veum.

Og det er ikkje berre spelarane som kosar seg på fotballturneringa.

– Det er veldig morosamt å vere på tur med denne gjengen. Spelarane er greie og snille, og både vaksne og unge kosar seg i lag. Om me tapar er spelarane raskt ferdige med det, og nyter Norway Cup-opplevinga i sin heilskap, kyter trenar Terje Optjernsberget.

Sportsleg sett enda Norway Cup for fyresdølane onsdag kveld, då dei rauk ut av B-sluttspelet i åttandelsfinalen etter 0-5-tap mot Mauseidvåg og Solevåg. G14-laget til Fyresdal rauk ut av B-sluttspelet i sekstendelsfinalen.

Uavgjort i livedekt kamp

Seljord hadde den største kontingenten med frå Vest-Telemark, og sendte fem lag innover. J14-laget sin siste kamp i gruppespelet, mot Gjerstad, var valt ut for å visast direkte på Norway Cup sine heimesider. Kampen var underhaldande, og enda til slutt med poengdeling, 1-1, etter at Ido Hiis utlikna med turneringas første mål for raudtrøyene.

– Me hadde bestemt oss på førehand at dette skulle me klare, og det gjorde me. Det var artig å skåre mål, seier Hiis etter kampen.

– Me spela utruleg bra. Det er irriterande at me slepp inn eit flaksmål på starten, supplerer Selma Brekkan.

Seljord hadde to gutelag påmeldt i 14-årsklassa, eitt 11ar- og eit 7ar-lag. Kaptein på 7ar-laget, Karsten Nieuwenhuize og lagkamerat Leo Nordal, kunne begge fortelje at dei hadde kosa seg på sletta, og at spesielt tivoliet var eit høgdepunkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me blir her til det beste Seljordlaget ryk ut, så me satsar på at nokon kjem langt, seier Nieuwenhuize.

Og det beste laget frå Seljord blei J16-laget, som kvalifiserte seg for A-sluttspelet. Der blei det stopp i 16-delsfinalen, der dei rauk ut mot Saltdalskameratene.

Kvartfinale for Åmdal-Tokke

J14-laget til Åmdal-Tokke vann sine to fyrste B-sluttspelkampar 2-0 og 4-0 mot høvesvis Grüner Fotball og Brummundal 2, og dei klarte dermed begge delmåla kaptein Sigrid Marit Jonassen Verpe sette for laget i gruppespelet.

– Me skal vinne og skåre mål, sa ho etter 0-3-tapet for Kolbotn i gruppespelet.

– Kampane er det morosamaste med å vere her, så me vil spele flest mogleg, supplerte Kristine Midtbø.

Finalehåp

Kviteseid G13 er det einaste laget som i skrivande stund framleis er med i sluttspelet på Norway Cup, etter å ha slått Junior Football Academy Kathmandu Nepal og Tønsberg i høvesvis 8-dels- og kvartfinalen av B-sluttspelet, ventar Bergen Nord FK 1 i semifinalen, som blei spela torsdag kveld – etter VTB gjekk i trykken.

– Eg trur det kan bli ein tøff kamp, Bergen hadde ei tøff gruppe og dei er visstnok eit godt lag. Me har vore litt uheldige, med ein spelar som er usikker før siste kampen, og ein som er ute med skade, seier Brenne.

– Men, me har eit godt lag me også, og ein veldig god trenar i Ralf Braun, spesielt det taktiske er han veldig flink på, kyter Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forutan gutelaget tok J16 laget til Kviteseid seg til A-sluttspelet, der dei rauk ut etter 2-5-tap mot Fjellhamar i 16-delsfinalen, medan J13-laget til kvittrøyene blei slått ut i 16-delsfinalen av B-sluttspelet etter 0-9-tap for Fossum Flyers.

Sjå fleire bilde frå Norway Cupher