Cecilie Thorsell Hesthag frå Bø avsluttar straks andreåret ved restaurant og matfag ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord – og startar som lærling på hotellet i heimbygda 1. juli.
Cecilie Thorsell Hesthag frå Bø avsluttar straks andreåret ved restaurant og matfag ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord – og startar som lærling på hotellet i heimbygda 1. juli.

– Det er ein super skule

Det er vår og eksamenstid – elevane på restaurant- og matfag er i gang med siste innspurt av skuleåret i Seljord og lærlingplassen ventar i heimbygda på Cecilie Thorsell Hesthag.

– Eg er så glad, for eg har fått lærlingplass på Bø hotell. Kjøkkensjef Roar Bjerkgården er verdas greiaste, smiler Cecilie Thorsell Hesthag frå Bø. 

Ho er straks i mål med to års skulegang på restaurant- og matfag ved Vest-Telemark vidarelgåande skule, avdeling Seljord. 20. juni er ho ferdig på skulen, 1. juli startar ho i lære.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hesthag rosar det gode skuletilbodet i Seljord, og kyter av dyktige lærarar som også hjelper elevane ut i praksis. 

– Det er så bra at ein får prøve seg i arbeidslivet. Eg har hatt yrkesfag fordjupning kvar fredag og vore på kjøkkenet på hotellet i Bø gjennom skuleåret. Det har vore gøy og lærerikt. Nå gler eg meg til å starte som lærling, smiler den positive eleven som kanskje drøymer om jobb på båt i framtida. 

Fridom

Dei har vore berre tre elevar i VG2 restaurant og matfag dette året, men fått mykje tid på kjøkkenet og god oppfylging av lærarane.

– Og det er stor valfridom på skulen. Eg var ikkje i tvil då eg skulle velje skule, eg har alltid vore veldig glad i å lage mat. Eg stod ved grytene til mormor støtt, ler Hesthag. 

– Kva tenkjer du om at det er nedgang i søkjartalet til restaurant og matfag over heile landet, og at ein ikkje startar lina for VG2 i Seljord frå hausten av?

– Det er veldig synd – at ungdom i Vest-Telemark må reise til Skien resulterer kanskje i at dei ikkje vel denne skuleplassen. Og det er i Seljord det er best lærarar, det har fleire frå skulen i Skien sagt. Kanskje det er færre søkjarar til denne lina fordi ungdom ikkje tør velje det dei eigentleg har lyst til? Kanskje fleire hamnar på studiespesialiserande sidan vennene skal det? Ein må tørre å spørje seg: skal eg velje det eg vil, eller det vennene mine skal? Det er så viktig å ta det rette valet, velje det ein ynskjer å lære meir om, seier Hesthag. 

Må informere

Studierektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule avdeling Seljord, Liv Grethe Ekre, seier at sjølv om VG2 restaurant og matfag ikkje kjem til å starte neste haust, blir den søkbar for elevar neste år. 

– Lina blir ikkje lagt ned. Det er viktig at rådgjevarane på grunnskulane rundt om informerer om dei yrkesfaglege moglegheitene – dei skrik etter arbeidskraft der ute, seier Ekre.