Halvor H. Skori, Sigurd S. Angre, Jon Aarbakk, ukjent, Knut K. Grasbekk d.e., Jon Haugetuft, Guro Haugetuft, ukjent, Gunda Johnsen, ukjent, ukjent, Olav E. Valhovd (framst), Halvor G. Heggstaul?, Olav T. Sollid, Jon T. Sollid og Såmund Sollid (evangelist frå Lårdal). Biletet er teke ved Kåfit mellom Sollid og Kjos, og er utlånt frå Kjetil Haugetuft. (Foto frå årsskriftet)
Halvor H. Skori, Sigurd S. Angre, Jon Aarbakk, ukjent, Knut K. Grasbekk d.e., Jon Haugetuft, Guro Haugetuft, ukjent, Gunda Johnsen, ukjent, ukjent, Olav E. Valhovd (framst), Halvor G. Heggstaul?, Olav T. Sollid, Jon T. Sollid og Såmund Sollid (evangelist frå Lårdal). Biletet er teke ved Kåfit mellom Sollid og Kjos, og er utlånt frå Kjetil Haugetuft. (Foto frå årsskriftet)

Den seinste ferda

Gravferdsskikkar er eitt av mange interessante tema i det nyleg utgjevne årsskriftet for Åmotsdal sogelag.

Den lange, veglause ferda til kyrkje for å føre den avlidne til seinste kvilestaden kunne nok vera strevsam for dei som fylgde. Og dei som fylgde var for det meste, utanom skyldfolki, bedarlaget. I årsskriftet har Karl Valhovd ein interessant artikkel om gravferdsskikkar; om bygdas eigen kistesnikkar, om gravøl og bedarmann. Bygda var dela inn i bedarlag, som bedarmannen gjekk rundt til. I øvre del av bygda var det i Valhovd sin oppvekst Halvor Heggstaul som hadde den ærefulle oppgåva.

– Dette var eit høgtidsamt oppdrag som måtte framberast på ein verdig måte, og bedemannen måtte sjølvsagt få skikkeleg traktering då han kom til gards, skriv Valhovd, og legg til at skikken heldt seg i Åmotsdal til utpå 1950-talet, då han blei avløyst av avisannonsering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hardhendt handtering av liket

Medan me er inne på emnet om livets slutt, tek me også med ei historie som Kjetil Sudgarden har ført i pennen. I artikkelen «Segn og soger etter lærar Olav Bakken» fortel han mellom anna om då Treskomakaren, som han blei kalla, skulle i kista. Namnet hans var Olav Olavson Rue (fødd i 1844) og var den siste som budde på Vale-Nystaul i Langlim. Då Treskomakaren var død i juli månad i året 1909 fekk den då 14 år gamle Olav Jønnardalen ei sterk oppleving som sette seg i minnet for alltid. Han kom forbi Vale-Nystaul, og der trong dei hjelp med å få lagt liket i kista.

– Gisle Haugan, kistesnikkaren, hadde kanskje gjort kista litt for lita, eller at Treskomakaren hadde stivna. Dei måtte i alle fall vera dugeleg hardhendte for å få han ned i kista, fortalde Olav Jønnardalen mange gonger, skriv Sudgarden.

Bidragsytarane

I alt har årsskriftet tretten bidragsytarar. Utanom dei som alt er nemde, Karl Valhovd og Kjetil Sudgarden, er Kaare Bakken, Magnhild Rønjom Byrkjedal, Kjell Arne Dyrland, Knut L. Dyrland, Leidulf K. Dyrland, Sigrun Dyrland Eidal, Anny Fosse, Birger Kjelingtveit, Svein Rorgemoen, Svein Vetle Trae og Ingebjørg Valhovd også skribentar.

Årsskriftet er det 16. i rekkja som Åmotsdal sogelag gjev ut på dugnad. Framsidebiletet er frå arbeidet på Valejuvvegen i slutten av 1940-åra.
Årsskriftet er det 16. i rekkja som Åmotsdal sogelag gjev ut på dugnad. Framsidebiletet er frå arbeidet på Valejuvvegen i slutten av 1940-åra.

Det 110 siders årsskriftet, som Åmotsdal sogelag gjev ut, er det 16. på rad. Som vanleg er heftet rikt illustrert med bilete. At biletmaterialet i stor grad er opplyst med person- og stadnamn, høgnar kvaliteten på publikasjonen.

For å forstå samtida

Visste du at Åmotsdal fekk elektrisk ljos fyrst i 1955? Og at omstenda kring dødsfallet til den kjende spelemannen Olav Bergsland (1821-1901), som blei funnen omkomen nær Kongsberg, blei utførleg omtala i Buskerud-avisene? Desse døma er berre to eksempel av mange gode grunnar til å lesa lokalhistorie frå den nære og litt fjernare fortida. Og mest sannsynleg bli litt klokare, og forstå litt meir av kva det samfunnet me lever i i dag er tufta på.