Den omkomne mannen har blitt søkt etter med sonar og miniubåt.
Den omkomne mannen har blitt søkt etter med sonar og miniubåt.

Den sakna mannen er anteke omkomen

Politiet fekk melding om at ein person hadde falt over bord då to båtar kolliderte på Fyresvatn natt til sundag. Mannen i 20-åra er framleis sakna.

Politiet blei varsla om hendinga 02.20 natt til sundag, og det vart satt i gang søk med båt og luftambulanse. 

Måndag føremiddag har søket endra seg frå å prøve å finne den unge mannen i live, til å dreie seg om søk etter ein som antakeleg er omkomen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No ventar me berre på ein sonar. Den skal kome så fort som råd, seier rådmann Ketil Kiland. 

I heile går var det to båtar ute på Fyresvatn og leita. Dei tok til att i dag tidleg. I går og i natt har lokalmiljøet samla seg på Meinstad og i kyrkja, der dei har hatt tilgang på sjukepleiarar, lege, diakon og prest. 

– Me har hatt kriseteam tilgjengeleg i bygda heile natta. Akuttfasen, altså dagen i går, var då det var mest i bruk. Elles så er det etablert kontaktar gjennom kriseteamet folk som ønskjer det kan ta kontakt med, seier Kiland.

Onsdag ettermiddag blei den omkomne 21-åringen funnen etter søk med sonar.
Onsdag ettermiddag blei den omkomne 21-åringen funnen etter søk med sonar.

Rådmannen opplyser at det Ikkje er mange som er samla no i dag, men at alle ventar på meir informasjon. 

Han vil også takke alle som har stilt opp som leitemannskap. 

– Eg må få kyte av alle som har vore med og leita, både friviljuge og organisasjonar. Sjølve redningsarbeidet og samarbeidet mellom Røde kors og politiet har fungert veldig bra så langt, seier Kiland.