Anne Grethe Bakke måtte bruke litt tid på å memorere oppskrifta før ho fekk besøk av Vest-Telemark blad heime på Lothe i Hardanger, men kunsten å laga røre og steike sveler hadde slett ikkje gått i gløymeboka.
Anne Grethe Bakke måtte bruke litt tid på å memorere oppskrifta før ho fekk besøk av Vest-Telemark blad heime på Lothe i Hardanger, men kunsten å laga røre og steike sveler hadde slett ikkje gått i gløymeboka.

Dei som kom med svelene

No er det sveler å få kjøpe på allslag messer, utstillingar og andre samkomer i Telemark. Slik har det ikkje alltid vore.

– I starten fekk me mykje pes for desse «svelegreiene», som vesttelar omtala denne for dei ukjente takkebaksten som. Men svelene vart ein bestseljar frå dag ein, slår Jakob Dyrkolbotn ettertrykkeleg fast.

Svelefritt område

147 treff er resultatet når ein søkjer på «sveler» i arkivet til Vest-Telemark blad. Arkivet går heilt tilbake til fyrste utgåva, som kom 13. november i 1973. Dei fyrste tjue åra var det absolutt ingen treff; noko som må tyde at vestlendingane framleis hadde desse godbitane for seg sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den aller fyste gongen omgrepet «sveler» dukkar opp i lokalavisa er den 10. februar 1994, då Norsk Skieventyr i Morgedal i ei lysing reklamerer med eit OL-tilbod: nysteikte sveler til 10 kroner. Skieventyret, med Anne Grethe Bakke og Jakob Dyrkolbotn i spissen, fylgde så opp med to annonsar til i samband med dei olympiske vinterleikane som fann stad på Lillehammer frå 12. til 27. februar 1994. Desse to svele-annonsane stod på trykk den 12. og 19. februar. Så blei det stille i avisa om svelene. Men truleg sat mange på kafeen på Skieventyret og gumla på denne nyinnførte kaffimaten heile dette året.

Omfamna av sanitetskvinner og politikarar

Somme av desse var kanskje sanitetskvinner. I alle fall er det sikkert at Kviteseid sanitetslag var mellom dei fyrste som heiv seg på den nye trenden. På haustbasaren sin i 1995 freista dei med nysteikte sveler og saft, ved sida av kaffi og kaker. Berre ein månads tid etter fylgde sanitetslaget i Vrådal opp. I invitasjonen melde dei om at det på den årlege haustbasaren blir servert kaffi og sveler! (sic) Ja, dei hadde utstyrt setninga med ropeteikn etter sveler. Ein sensasjon altså.

Men no såg svelene alt ut til å ha blitt ein tradisjon i Vest-Telemark. Rauland pensjonistlag fylgjer opp, det same gjer Nissedal husflidslag og barnehagen i Fyresdal. Så snappar også politikarane opp trenden. No er det ikkje berre valflesk, men sveler også. Fyresdal senterparti lokkar med slik servering då dei i august 1998 steller til familie- og kulturdag på Kvipt med dåverande kommunal- og regionalminister Ragnhild Queseth Haarstad som talar. Forresten ser det ut som det er Senterpartiet som har vore mest ivrige til å omfamne svelene; under Countryfestivalen i Seljord i fjor var partiet på plass for å rekruttere tilhengjarar med partileiar Trygve Slagsvold Vedum – og gratis sveler.

No bur Anne Grethe Bakke og Jakob Dyrkolbotn på Lothe ved Hardangerfjorden.
No bur Anne Grethe Bakke og Jakob Dyrkolbotn på Lothe ved Hardangerfjorden.
Bakke og Dyrkolbotn minnest fyrste gongen Skreppa selde sveler på Dyrsku’n – og det tok av. Seinare er det mange som har tent gode pengar på kaffimaten med dei billige ingrediensane. Og som ein fort blir svolten att av.
Bakke og Dyrkolbotn minnest fyrste gongen Skreppa selde sveler på Dyrsku’n – og det tok av. Seinare er det mange som har tent gode pengar på kaffimaten med dei billige ingrediensane. Og som ein fort blir svolten att av.

Kom over fjellet vestfrå

Då eit nytt tusenår opprann, hadde dei kommersielle kreftene i Vest-Telemark verkeleg fått auga opp for kva det mjuke, søte, feite og velduftande bakverket kan gjera med dei giruge til å opne lommebøkene sine. Byggmakker i Seljord var tidleg ute. Enno hadde ikkje svelene rokke å bli tradisjonsmat austafjells. I annonsen til nattope i 2001 lokkar dei med at dei «serverer våre berømte vestlandssveler». Javisst kom dei vestanfrå.

I 1993 vart Jakob Dyrkolbotn tilsett som dagleg leiar ved Norsk Skieventyr i Morgedal, og kona Anne Grethe Bakke i ei prosjektstilling same stad. Dei kom då frå Åndalsnes, og hadde utdanning og røynsle frå reiselivet. Innåt anna arbeid hadde dei drive Setnes vandrarheim, ein stad som hadde ord på seg for å ha god mat.

– Der hadde dei ein fantastisk frukost, med steikt nyfiska fisk, og med nysteikte sveler rett frå takka, fortel paret som flytta til Morgedal med barna Anja på 8 og Rune på 4 år. Der skulle dei byggje opp eit opplevingstilbod, med servering og reiseminneutsal. Og når dei altså skulle drive kafé, kva skulle dei tilby?

I tillegg til middag, lunsjrettar og kaker blei gjestene eksponert for angen og synet av nysteikte sveler. Og dei lét seg ikkje be to gonger. Den heller ukjende takkebaksten slo raskt igjennom. Kvifor?

– Det er rett og slett godt, svarar Anne Grethe, medan ho tek eit jafs av svela som er steikt utandørs på takke heime på Lothe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nye tradisjonar

Oppskrifta på dei velsmakande svelene tok altså drivarparet med seg frå Setnes vandrarheim på Åndalsnes. No blir svelene av mange oppfatta som tradisjonsmat i Telemark. Kva trur så det tidlegare drivarparet av Skieventyret i Morgedal om det?

– Svela var nærast ukjent i området då me starta opp kafédrifta i Morgedal, så det er interessant å sjå korleis nye ting lever sitt eige liv. Viss det no blir oppfatta slik at svela er knytt til telemarksidentitet, har nokon gjort ein god jobb, smiler Anne Grethe, som ikkje synest det gjer noko å dele på gode oppskrifter.

Tradisjonsmatverksemda Skreppa A/S i Morgedal, som Anne Grethe Bakke i 2001 etablerte saman med Magnhild Omtveit Haugen, Tone Gjerjordet og Inger Marie Bakås, førte sveletradisjonen vidare. Verksemda er seinare utvida med fleire eigarar, og sysselset i dag 16 personar, ifylgje Brønnøysundregisteret. Skreppa, som kanskje særleg er kjend for brauet sitt, tilbyr også mellom anna ferske sveler når dei er på Bondens marknad og andre matmesser rundt i landet. Ja, ikkje berre innanlands – i januar deltok dei på ei av dei største matmessene i verda: Grüne Woche i Berlin.

Frukt og forsvarsverk

Anne Grethe Bakke og Jakob Dyrkolbotn har budd på Lothe sidan dei kjøpte garden i 2002. Dit flytta dei etter å ha sett Norsk skieventyr vel i hamn som ein del av Vest-Telemark museum, som blei stifta i 2002 som ei felles forvaltning av museumseiningane i regionen.

Etter Morgedals-tida starta Jakob som fruktbonde; han dreiv både med plommer, eple og moreller. Totalt gav garden kring 30 tonn frukt årleg. No leiger han bort produksjonen til ein nabo.

– Eg er mest pensjonist, men det er mykje arbeid å ha såpass mange hus å passe på, seier han. Garden ligg fint i hellinga ved Hardangerfjorden, med naust ved sjøen og støl på fjellet.

Anne Grethe har heile tida vore ute i fullt arbeid; fyrst eit par år i ein reiselivsjobb i Bergen, så fem år som dagleg leiar av reisemål- og utviklingsselskapet Destinasjon Voss. Deretter var ho klar for noko anna. Sidan 2013 har ho vore distriktssjef for Forsvarsbygg nasjonale festningsverk, der ho arbeider med utvikling og verdibevaring av festningane, med heile landet som arbeidsstad. Etter at forsvaret i 2002 frigjorde festningane til sivilt bruk, skal dei unike kulturminna, ifylgje Forsvarsbygg, bli forvalta og vidareutvikla som arenaer for kultur, næring og rekreasjon. Så neste gong ein festival eller konsert blir arrangert på til dømes Bergenhus, er det sannsynleg at det er Anne Grethe som har trekt i trådane.

No har dei to gründerane, gjøvikkvinna Bakke og nordhordlendingen Dyrkolbotn, som bygde opp Skieventyret i Morgedal, truleg slege rot vestafjells. Båe ungane deira er etablert på Voss med familie, der det også har kome tre barneborn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og ja, Innsvingen kafé i Morgedal serverer framleis nysteikte sveler. Alltid. Og på Lothe skal det heretter, ifylgje Anne Grethe og Jacob, bli slutt på vaffelsteiking. No skal svelene gjeninnførast.

MRF-svelene

Dei mest berømte svelene er kanskje dei som i mange tiår har blitt servert på ferjene og passasjerbåtane til selskapet Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF). Tradisjonsbaksten frå nordvestlandet, dei tjukke og saftige svelene med sukker eller brunost, har spreidd seg og blitt «ferjemat» på mange av selskapet Fjord1 sine fartøy.

Dette skal vera den originale MRF-oppskrifta:

* 5 egg

* 2,5 desiliter sukker

* 1 toppa teskei natron

* 1 toppa teskei hornsalt

* 1 liter kulturmjølk

Artikkelen held fram under annonsen.

* 1 liter kveitemjøl

* 75 gram smør

Framgangsmåte: Pisk egg, sukker, natron og hornsalt godt. Rør inn kulturmjølka og kveitemjølet, og til slutt det smelta smøret. Lat deigen stå og svelle i nokre minuttar. Steik svelene i varm steikepanne eller på takke. Denne oppskrifta gjev mellom 15 og tjue sveler. Serverast anten med smør og sukker, rjome og syltetøy, sirup eller brunost.