I lastebilklassene stakk vrådølen Johan T. Straand av med to fyrstepremiar. I fire år bygde han opp denne Chevroleten 1946-modell frå rein ramme.
I lastebilklassene stakk vrådølen Johan T. Straand av med to fyrstepremiar. I fire år bygde han opp denne Chevroleten 1946-modell frå rein ramme.

Bruktmarknad- og tevlinghelga

4000 små og store besøkte Vårmarknaden i Seljord der det også var tevlingar innan veterankøyretøy, bruk av motorsag og kakepynting.

Fredag og laurdag stod Dyrsku’n Arrangement og Vest-Telemark motorhistoriske klubb bak den 20. Vårmarknaden i Seljord. 

 – Det er heilt fantastisk. Det er truleg 30 varmegrader denne laurdagen, men likevel så mykje folk. Og det er mange flotte veteranbilar og veldig mange bubilar her, seier ein nøgd dagleg leiar Geir Helge Espedalen i Dyrsku’n Arrangement. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Puslespel

180 veterankøyretøy dukka opp på arrangementet, og utpå laurdagen blei det kåra flottaste veteranvogn i ti ulike klasser. Fyrste personen som blei ropt fram for premie var vrådølen Johan T. Straand. Med sin Scania 1958 modell vann han klassa 1950–1960-modell lastebilar. Neste som blei beden om å kome fram, var same mannen. Med sin Chevrolet 1946-modell vann Straand klassa for lastebilar før 1950.

– Det var nesten fælt dette, seier Straand til VTB om å få to fyrstepremiar.

I fire år bygde han opp Chevroleten frå rein ramme, kjøpte delar i Amerika og rundt omkring.

Anne Snarteland (t.h.) slo fleire av mennene i motorsagtevlinga for så å vinne kakepynttevlinga, og det i vernebukse med pluggnykelen i lomma. Vigdis Oppsund frå Brunkeberg og Jon Olav Svartdal frå Flatdal ordna fine kaker, og Oppsund vann premien for best smak på produktet.
Anne Snarteland (t.h.) slo fleire av mennene i motorsagtevlinga for så å vinne kakepynttevlinga, og det i vernebukse med pluggnykelen i lomma. Vigdis Oppsund frå Brunkeberg og Jon Olav Svartdal frå Flatdal ordna fine kaker, og Oppsund vann premien for best smak på produktet.
Også hånngamle ski var det mogleg å skaffe seg på Dyrskuplassen sist helg.
Også hånngamle ski var det mogleg å skaffe seg på Dyrskuplassen sist helg.
Joachim Røed Hansen frå Holmestrand vann motorsagtevlinga, og viste mellom anna flott presisjon.
Joachim Røed Hansen frå Holmestrand vann motorsagtevlinga, og viste mellom anna flott presisjon.
Nokon gjekk rundt omkring på Vårmarknaden, medan andre sat stille …
Nokon gjekk rundt omkring på Vårmarknaden, medan andre sat stille …
Mange veteranvogner stod utstilt på Dyrskuplassen laurdag.
Mange veteranvogner stod utstilt på Dyrskuplassen laurdag.

– Eit puslespel, seier 75-åringen om jobben.

– Eg likar å pusle med slikt som dette, men blir sett på som ein tulling, held Straand fram med eit lite smil på lur.

Moro

Heile 160 utstillarar kom til Vårmarknaden, så besøkande hadde litt av kvart av brukte ting å kunne sjå på og kjøpe. Andre innslag på Dyrskuplassen var mellom anna bruk av motorsag som eit Telemarksmeisterskap der Bygdeungdomslaget stod som arrangør. Tevlinga gjekk på presisjon, fart og tryggleik. Det handla om over- og underkapping, snu sverdet, skjere nærast mogleg ei plate og kvisting av stokk.

Joachim Røed Hansen frå Holmestrand vann tevlinga blant dei åtte som deltok.

– Eg byrja å vere med på meisterskap for sju år sidan, og siste par åra har eg vore veldig aktiv. Eg tenkte det ville vere moro å vere med her i dag – eg har jo køyrd to timar for å kome hit …, seier Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yrket hans er å køyre gravemaskin. Interessa for motorsag kom gjennom bygdeungdomslaget.

Rakk ikkje skifte

Anne Snarteland skal om nokre år overta onkelen Aslak Snarteland sin gard med mjølkekyr og sau i Fyresdal. Ho var einaste kvinne i motorsagtevlinga, og gjorde det betre enn fleire av mennene. 

– Jøss, slo eg fleire av dei – det var gøy, seier ho når VTB gjev henne opplysninga.

Rett etter Snarteland var ferdig med motorsagtevlinga måtte ho forte seg for å vere blant dei åtte som skulle delta i bygdeungdomslaget si tevling om å vere best til å pynte kake. I motorsagvernebukse og med pluggnykel i lomma sette Snarteland i gang kakepyntinga. 

Deltakarane fekk utdelt kvar sin kakebotn, hadde 45 minuttar på seg til pyntinga og kunne to gonger forsyne seg av råvarer som ein meinte passa til kakeverket.

– Eg er vel kanskje hakket kvassare med motorsaga, seier Snarteland midt i kakearbeidet.

To vinnarar 

Ved sida av henne står Vigdis Oppsund frå Brunkeberg.

– Det er veldig artig å tevle i Bygdeungdomslaget. Eg har ikkje vore med på dette før, men det hadde vore moro å gjere det bra, seier Oppsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like ved jobbar Jon Olav Svartdal frå Flatdal med kaka si, og han påstår at han blei lura til å delta. 

– Du er ein bakemeistar?

– Nei, det er eg absolutt ikkje. Eg er her for å ta jumboplassen – eg reknar med at dei andre deltakarane er glade for at eg tek meg av den plassen …, svarar Svartdal med eit smil.

Domarane i tevlinga fylgde med på korleis deltakarane jobba, såg etter om kakene var fine, og så skulle smaken passe til korleis kaka såg ut. Når ein oppsummerte poenga for dei ulike tinga blei Snarteland vinnar, medan Oppsund stakk av med premien for å ha best smak på kaka.

180 campingeiningar

Oppteljinga frå arrangøren viste at det var 4000 besøkande på Vårmarknaden, og at 180 campingeiningar var på plass i området.

– Små og store kosa seg i rekordvarmen og me er godt tilfreds med arrangementet, seier Yvonne Eilefstjønn i Dyrsku’n Arrangement.