annonse

Blei heidra for meir enn 30 år på Funnemark

Frå venstre
Frå venstre: Arild Andersen har vore på Funnemark i 31 år, Magne Gunleik Rue i 33 år (tildelt 2015) og Hans Rue i 31 år. (Foto: Privat)

Arild Andersen, Magne Gunleik Rue og Hans Rue er stabil arbeidskraft.

Tone Tveit

Laurdag blei det markert at kvar av dei tre har arbeidd på Funnemark i Seljord i meir enn 30 år. Dei fekk tildelt Norges Vel medalje for lang og tru teneste på ei samling på Lien Fjellgard i Svartdal.

Medaljen er ei heidersutmerking til arbeidstakarar med minst 30 år hos same arbeidsgjevar, og eit synleg bevis på ein innsats det står stor respekt av.

– Totalt er det hittil dela ut sju slike medaljar til tilsette hos Funnemark Seljord. Me er veldig stolte og takksame over stabile og dyktige tilsette, seier dagleg leiar Terje Nordstoga.

Medaljen blir produsert av Det norske  myntverket med like stor presisjon som verdifulle samlemyntar og Nobels fredsprismedalje.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.