Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) var ikkje nådig mot det han meiner er manglande vilje hos lokalbankane til å låne pengar til næringsverksemder.
Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) var ikkje nådig mot det han meiner er manglande vilje hos lokalbankane til å låne pengar til næringsverksemder.

«Bankane er så elendige at dei burde ha sparken ut frå Vest-Telemark»

Fyresdalordføraren synest lokalbankane i regionen er lite viljuge til å finansiere risikoverksemd i distriktet, og han meiner det er eit kjempeproblem. Ei ny verksemd i bygda fekk ikkje ei einaste krone i lån av to lokale bankar.

Fyresdal kommunestyre godkjente nyleg ei avtale der kommunen leiger ut industrihall og kontorfløy til nystarta Moland Mekaniske AS på Molandsmoen. Før avtala blei klubba inn av ordføraren, sa rådmann Ketil O. Kiland dette:

– Avtala er gunstig, men det er me vane med å gjere i Fyresdal for å få til arbeidsplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moland Mekaniske AS er etablert med éin million kroner i aksjekapital, og med ein slik sum hadde ein tru på å kunne få to millionar kroner i lokale banklån. Ordførar Erik Skjervagen (Ap) sa til kommunestyret at dette viste seg å vere veldig vanskeleg å få til. 

Forbløffande vanskeleg

– Bankane er så elendige at dei burde hatt sparken ut frå Vest-Telemark heile gjengen. Sparebanken Sør og Sparebanken Din var ikkje interessert i å gje lån i det heile tatt. Dei avslo tvert uansett, og det er utruleg betenkeleg. Bankane er skuffande lite viljuge til å finansiere risikoverksemd i distriktet, og det er eit kjempeproblem for oss. Det er forbløffande vanskeleg å få lån om ein ikkje er viljug til å pantsette hus og heim og alt. Bankane vil helst ikkje ta risikoen, og det er ganske interessant, sa ordføraren.

At lokalbankane ikkje vil stø næringslivet hadde Skjervagen vore borti mange gonger før, som han sa, og nemnde eit døme.

– Telemarkrøye AS, det var akkurat same smørja der. Dei heller fekk ikkje lån av dei same bankane. Til slutt finansierte Sparebank 1 eit lån, og heile lånet er tilbakebetalt, sa ordføraren.

Må ta over bankfunksjon

Sparebank 1 i Porsgrunn blei også løysinga for Moland Mekaniske AS med tanke på lån.

– Sparebank 1 har faktisk vore mykje meir samarbeidsviljug, men sjølv dei er ikkje akkurat generøse. Det å få låne to millionar kroner viste seg å vere heilt umogleg, sa ordføraren om ein lånesum som enda på éin million kroner frå banken i Porsgrunn.

Etter det VTB har høyrd frå andre enn ordføraren slit alle kommunane i Vest-Telemark med å få lån frå lokalbankane til næringslivet.

Ordføraren avrunda kommunestyresalva si mot lokalbankane med desse orda:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det som skjer er at kommunen må gje gunstige avtaler som me gjer nå til Moland Mekaniske AS – me må eigentleg ta over ein del av bankens funksjon. Det er eigentleg ikkje greitt, men heldigvis gjer me det. Det er det ikkje mange som gjer.

Banksjef kjenner seg ikkje igjen

Ben Roger Elvenes, administrerande banksjef i Sparebanken Din, kjenner seg ikkje att i kritikken Fyresdal-ordføraren kjem med om at det er veldig vanskeleg å få lån til næringsverksemd. Elvenes legg til at han ikkje kjenner til saka som gjeld Moland Mekaniske AS sin førespurnad om lån. 

– Me bankar er veldig forsiktige med å uttale oss i enkeltsaker, seier banksjefen, som ynskjer å uttale seg på generelt grunnlag.

Elvenes fortel at dagens sum for bankens totale utlån til bedriftsmarknaden i Vest- og Midt-Telemark er på éin milliard kroner.

– Primært er verdigrunnlaget til banken å skape vekst og utvikling, og det har me verkeleg bidrege til i Vest-Telemark, seier banksjefen.

– Opptatt av utvikling i regionen

Rolf H. Søraker, direktør konsernstab i Sparebanken Sør, seier at banken med bakgrunn i teieplikta aldri kommenterer enkeltengasjement eller kundeforhold, og derfor kan han ikkje snakke om saka som gjeld Moland Mekaniske AS.

– På generelt grunnlag kan eg seie at me har vore og er opptatt av utviklinga i Vest-Telemark. Me har drive bank i regionen i over 150 år, noko me også har tenkt å fortsette med i framtida. Per i dag har me lånt ut over 1,5 milliardar kroner til privatkundar i Vest-Telemark, og utlånet til næringslivet og offentleg sektor passerer i desse dagar 300 millionar kroner. Me er godt fornøgde med utlånsveksten og forholdet til kundane våre i regionen, seier Søraker. 

Ti års leigeavtale med kommunen

Fyresdal kommunestyre har godkjent ei tiårsavtale der kommunen leiger ut eit industribygg på Molandsmoen til Moland Mekaniske AS. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunestyret sa for eitt år sidan ja til at kommunen kjøper bygget for 2,2 millionar kroner, og i tillegg kjøpe maskinpark og anna lausøyre der for 500 000 kroner. 

I den nyleg godkjente leigeavtala skal Moland Mekaniske kjøpe maskinparken inklusiv varelager for 500 000 kroner. Vidare skal kommunen dekke inntil 400 000 kroner i oppgraderingskostnader av maskinparken.

Leigeprisen for 800 kvadratmeter industrihall og 200 kvadratmeter kontorfløy er sett til 350 kroner kvadratmeteren. Verksemda slepp å betale leige fyrste året, så blir det eitt år med ein tredel husleige og eitt år med to tredel. Frå 1. mai 2021 er årleg leigesum 350 000 kroner.

Vidare skal leigetakaren betale utgifter til ljos, varme, reinhald, kommunale avgifter, huseigarforsikring med bygningskasko og ordne vedlikehald av eigne lokale.

Utleigar dekker oppgradering av traverskraner, eksisterande elektriske anlegg og fyringsanlegg etter krav frå styresmakter og andre instansar.

Oppgraderingskostnader som overstig 500 000 kroner skal bli innarbeidd i leigeavtala for bygget.