Vegen var stengt ein lengre periode etter ei trafikkulykke på E134 mellom Flatdal og Seljord sundag kveld.
Vegen var stengt ein lengre periode etter ei trafikkulykke på E134 mellom Flatdal og Seljord sundag kveld.

Alvorleg trafikkulykke på E134

Sju personar er skada i ein kollisjon mellom to personbilar på E134 i Flatdal sundag kveld. To av dei skal vera relativt alvorleg skada, og er sendt med luftambulanse til Ullevål sjukehus.

Rett før klokka seks sundag kveld fekk politiet melding om ei alvorleg trafikkulykke på E134 mellom Seljord og Flatdal. To personbilar hadde kollidert og europavegen vart stengt tett på to timar. 

Politiet i Sør-Aust politidistrikt opplyser på Twitter at det var sju skada personar involvert i ulykka, og at både ambulansar og to luftambulansar vart tilkalla. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant dei sju skada melder politiet at to er relativt alvorleg skada, og at dei, saman med ein tredjeperson, er sendt med luftambulanse til Ullevål sjukehus - Oslo universitetssjukehus. Tre av dei skada er born, og eitt av borna skal vera blant dei som er sendt til Ullevål. To personar er ifylgje politiet sendt med luftambulanse til Tønsberg sjukehus, medan to personar er køyrt med ambulanse til Sjukehuset Telemark, og ein med ambulanse til Tønsberg sjukehus.

Eit vitne har opplyst til politiet at ulykka skal ha skjedd då den eine bilen kom over i feil køyrebane, melder politiet på Twitter. 

Vegen er no opna att.