Formannskapet i Tokke var på synfaring for å kikke på standarden på toaletta på Dalen grunnskule
Formannskapet i Tokke var på synfaring for å kikke på standarden på toaletta på Dalen grunnskule

45 SFO-elevar må dele på to toalett

Onsdag var formannskapet i Tokke på synfaring på skule for å sjå på dei nye gutetoaletta. Dei kikka òg på toalettet for jentene og dei på skulefritidsordninga (SFO), som begge har fått fleire klager.

Sjølv om kommunen innvilga pengar til å utvide frå tre til seks toalett for gutane på grunnskulen får dei framleis mange klager. Foreldre og elevane sjølve fortel at standarden og tilgangen på toaletta er for dårleg. 

Utriveleg toalett

Jentene på skulen har med sju toalett god tilgang, men fleire klagar likevel på at det ikkje er triveleg på toalettet. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har fått fleire klager frå jentene på at doen ikkje er hyggeleg, seier oppvekst- og kultursjef Finn Arne Askje. 

– I tillegg til det har eg høyrd at dei synest det er for lytt, og det skjønnar eg ikkje er noko særleg triveleg, seier Tone Sofie Solvang Dale (Sp). 

Ordførar Jarand Felland (Sp) ser på det som eit stort problem om det er for lytt på toalettet. 

– Det har kome fram saker på at unge jenter ikkje tør å gå på do, sidan det er så lytt i båsane. Det er ikkje bra i det heile tatt, og eg tenker difor at båsane bør vere heilt lukka i framtida, sa Felland

Trongt om plassen

I SFO-lokalet har dei eit anna problem. Her går klagene på at tilgangen på toaletta er dårleg. På det meste er det 45 born som går på SFO, og der må dei dele på to toalett. 

– Sjølv om det er viktig å ha trivelege toalett som borna kan bruke, meiner eg det er endå viktigare å faktisk ha tilgang på toalett. Me må hugse at me oftare vil få klager frå eldre born enn dei minste på SFO. Dette må me ta tak i så fort som mogleg, tenker eg, seier Ellen Ofte Jakobsen (KrF). 

På synfaringa såg formannskapet på moglegheita til å utvide det noverande toalettet på SFO. Prisen er rekna til å kome på 560 000 kroner. Ifylgje Askje har det òg kome merknader på manglande garderobeplass på SFO. Eit eventuelt vedtak vil kome i samband med budsjettvedtaket for 2019 blir klart i kommunestyret 18. desember.