Bildet er tatt av Jan Kile på flyplassen i Fyresdal ved eit tidlegare høve. Han er godt nøgd med tilskota som har rulla inn til motorsportklubben, og snart er det klart for NM i både dragrace og street legal i den vesle bygda.
Bildet er tatt av Jan Kile på flyplassen i Fyresdal ved eit tidlegare høve. Han er godt nøgd med tilskota som har rulla inn til motorsportklubben, og snart er det klart for NM i både dragrace og street legal i den vesle bygda.

250 000 kroner til motorsportklubb

Det har byrja å renne inn bra med pengar til Fyresdal motorsportklubb før dei 13.–15. juli skal arrangere NM i både dragrace og street legal.

Formannskapet i Fyresdal er samd med rådmannen i at ein ser det som svært positivt at motorsportklubben i bygda tek på seg å arrangere 40-års jubileum for «First go» og NM-runde i dragrace og street legal på flyplassen. På den måten set ein fokus på Fyresdal som arrangementplass også for motorsport. Politikarane stør forslaget frå rådmannen om å gje eit marknadsføringstilskot på 50 000 kroner til klubben. 

«First go» blei for fyrste gong i Noreg introdusert på flyplassen i Fyresdal i 1978. Komande helg i juli er det kalkulert med opptil 4000 besøkande på arrangementet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Motorsportklubben har ein enorm dugnadsjobb før og under arrangementet, som genererer mykje omtale, handel og besøk for bygda. Auke i storleik på årets tilstelling, strengare krav til tryggleik og meir betalt hjelp fører til auka kostnadar for klubben, som i år har eit budsjett på 760 000 kroner for heile arrangementet.

I budsjettet er det rekna med ein dugnadsverdi på 375 000 kroner (2500 timar a 150 kroner). I tillegg gjev arrangementet ringverknader for fleire lag og organisasjonar i Fyresdal som jobbar dugnad eller har inntekter av matsal, camping og anna.

Fekk 200 000

Jan Kile i motorsportklubben er kjempeglad for tilskotet frå formannskapet.

– Me er glade for kvar einaste krone me kan få, seier han.

Og ei viss mengde kroner har det også rulla inn frå anna hald seinare tida. Ein søknad frå klubben til Sparebankstiftinga om tilskot blei innvilga. 200 000 kroner blei resultatet.

– Det er veldig bra. Det er eigentleg takka vere Monica Sølyst i Faun at me fekk pengar. Ho oppmoda oss om å søkje Sparebankstiftinga, seier Kile.

Summen skal brukast til mellom anna tryggleiksutstyr og preparering av banen for å få betre feste. Ei slik preparering kostar, ifylgje Kile.